Ny leiar og arbeidsgruppe i faggruppe for verksemdsarkitektur

Faggruppe for verksemdsarkitektur var den første faggruppa som vart danna ved etableringa av det regionale samarbeidet for digitalisering. Første faggruppemøte var 30. oktober 2018, og sidan da har gruppa vakse og hatt møte jamleg. I dag består faggruppa av deltakarar frå fleire kommunar i tillegg til IKT-samarbeid.

1. mai 2022 tok Tom Osnes Svellingen over som ny leiar for faggruppa etter Nils-Erik Buck. Tom har bakgrunn frå privat, offentleg og frivillig sektor og har jobba som verksemdsarkitekt i Bergen kommune sidan 2017. Tom ønskjer å bidra til ein tydelegare arkitekturstyring i offentleg sektor og meiner at dei regionale nettverka speler ein viktig rolle i dette arbeidet.

Arbeidsgruppe satt ned

Etter faggruppemøtet i mai, satte faggruppa ned ei arbeidsgruppe som skal jobbe mellom møta. Arbeidsgruppa har starta arbeidet med ein prosesskatalog som vil presenterast for faggruppa til hausten. Arbeidet vil òg koordinerast mot KS fagråd verksemdsarkitektur.

Utover hausten vil faggruppa og arbeidsgruppa jobbe vidare med verksemdsarkitekturen i kommunal sektor.