Verskemdsarkitektur i kommunal sektor

Webinar 19. november 2020

Framside / Påmelding til aktivitetar / Verksemdsarkitektur i kommunal sektor

Invitasjon webinar.pdf

Digi Vestland inviterte torsdag 19. november til eit webinar om verksemdsarkitektur i kommunal sektor frå 09:00 - 10:00. Sjå agenda på venstre side.

Verksemdsarkitektur blir sett på som ein viktig føresetnad for vidare utvikling av digitale tenester. For å kunne gjere nytte av kommunale og nasjonale fellesløysingar er det viktig at kommunane har robuste løysingar, tenester og infrastruktur. Dette inneber at kommunane må ha kontroll på sin verksemdsarkitektur: tenester og prosessar, systemportefølje, integrasjonar og infrastruktur.

Våren 2020 vart det gjennomført eit prosjekt med fokus på arkitekturlandskap i kommunal sektor i regi av Digi Vestland. Du kan lese meir om prosjektet, lese prosjektrapport og sjå underlaget som vart utarbeida her. Prosjektet resulterte i ei innføringshandbok for kommunar som ønskjer å kome i gang med verksemdsarkitektur i eigen kommune.

Spørsmål?

Har du spørsmål til webinaret, prosjekt eller andre initiativ i regi av faggruppa? Ta kontakt med leiar for faggruppa. Kontakt informasjon finnast på sida til faggruppa.

Sist oppdatert: 1. desember 2021