Felles kommunal journal

Status november 2021

Bakgrunn

Felles kommunal journal (FKJ) er eit av fleire tiltak for å realisere regjeringa si ambisjon om ein forenkling og effektivisering av helsevesenet (Ref. Stortingsmeldinga Én innbygger – én journal, 2012). FKJ medfører ei stegvis utvikling av framtidsretta journal for helsepersonell i kommunal helse- og omsorgstenester, der ulike løysningar spelar saman og der brukarflatene skal kunne tilpassast det enkelte helsepersonell sine ulike behov. I dag er pasientinformasjon låst inne i ulike løysningar som ofte ikkje snakkar saman. FKJ skal sørge for at det finns ei plattform som gjer det mogeleg å dele informasjon på tvers av de kommunale helse- og omsorgstenestene og de ulike løysningane, og ein viktig føresetnad for dette er å frikople informasjonen (journalopplysningane) frå løysningane (applikasjonane).

Organisering og finansiering

FKJ er organisert som eit samarbeidsprosjekt mellom nasjonale myndigheiter, KS og kommunar. Bergen kommune er ein av samarbeidskommunane som er representert i prosjektstyret.

Digi Vestland har i samarbeid med Bergen kommune fått finansiert ei regional koordinatorstilling gjennom skjønnsmidlar frå statsforvaltaren. FKJ koordinator deltar på møter i Digi Vestland sin e-helse faggruppe, som har FKJ som fast agendapunkt.

Status per november 2021

I 2021 har prosjektet gjennomgått ei reorientering, jobba vidare med løysing, etablert interimselskap som eig og styrer prosjektet, og lagt vekt på forankring og kommunikasjon med interessentar. Akkurat no pågår det arbeid for å få vedteke prosjektdirektiv og prosjektplanar for neste fase som vert kalla Kapittel 2, og er planlagt å vare fram mot sommaren 2023.

Prosjektets oppgåver i 2021 og 2022 er å utarbeide eit oppdatert styringsdokument med klare anbefalingar som en sentral del av et underlag for kommunal og statleg behandling for videre vegval. Prosjektet skal sikre forankring av realisering og avklare framtidig organisasjons- og styringsmodell.

Meir informasjon om prosjektet finnes på ks.no/fkj - og delta gjerne på webinar for å halde deg orientert om prosjektet.

Webinar 14. desember 2021