Kobo innføringsprosjekt

Framside / Portefølje / Kobo innføringsprosjekt

Prosjektet er eit samarbeidsprosjekt mellom Husbanken, Digi Rogaland og Digi Vestland. 

Siste status (Juni 2022)

Kommunar i Digi Vestland og Digi Rogaland er invitert til å bli med i utvida utprøving av Kobo, og ni kommunar i Vestland og Rogaland har tatt i bruk KOBO i løpet av våren 2022 (pulje 1).

Ny felles innføring (Pulje 2) startar til hausten , og 23. juni var det informasjonsmøte med kommunane.  Kommunar i Vestland og Rogaland som er interessert i å vere med i pulje 2 må melde sin interesse innan onsdag 31. august 2022 kl. 16.00​

Kva er Kobo?

Prosjekt Kobo utviklar digitale løysingar, som skal gjere det enklare for innbyggjarar å søkje om kommunale utleigebustadar. Løysinga vil òg forenkle sakshandsaminga for dei tilsette og utarbeide statistikk knytt til kommunale utleigebustadar. Prosjektet er eit samarbeid mellom Husbanken, KS og norske kommunar, og føremålet er å forenkle prosessen med å søkje, tildele og administrere kommunale utleigebustadar.

Tilbakemeldingar frå pilotkommunane og andre kommunar som har meldt interesse, viser at Kobo-løysingane allereie no vil gje verdi for kommunar som tek løysingane i bruk. Tidleg bruk vil òg gje kommunen moglegheit til å påverke utviklinga av løysingane. Data som samlast inn gjennom bruk av Kobo vil bidra til at både kommunane sitt eiget datagrunnlag, så vel som det nasjonale datagrunnlaget kan byggast raskare og med auka kvalitet. Dette vil igjen bidra til betre avgjerdsstøtte for kommune og stat i utforming av politikk, tiltak og verkemidlar. Det vil heller ikkje påløpe lisenskostnad eller anna kostnad ved bruk av systemet i prosjektperioden.

Utvikling av dei digitale løysingane starta hausten 2020, og seks pilotkommunar har brukt løysingane sidan våren 2021. Løysingane utviklast fortløpande, og ein komplett minimumsversjon er forventa klar hausten 2023. På grunn av positive tilbakemeldingar frå pilotkommunane og stor etterspørsel frå ei rekkje kommunar, vil prosjektet starte trinnvis utrulling tidlegare enn planlagt frå første kvartal 2022.

Prosjektorganisering

Som eit verkemiddel for å få kommunar til å ta i bruk løysinga, er det beslutta at Digi Rogaland og Digi Vestland skal samarbeide med Husbanken om ei felles innføring av løysinga for kommunar i Digi Rogaland og Digi Vestland. Prosjektleiar for innføringsprosjektet er Christine Sandvold i Digi Rogaland. 


Les meir og kontakt

Kontakt

Christine Sandvold
Prosjektleiar
Digi Rogaland
mob.: 47 25 62 63
christine.sandvold@stavanger.kommune.no

Simen Soltvedt
Prosjektdeltakar
Digi Vestland
tlf: 97 14 17 07
e-post: simen.soltvedt@bergen.kommune.no

Sist oppdatert: 01. april 2022